Kvifor finn folk gamle ting under bakken?

Det kan vera fleire grunnar for at ting hamnar under jorda.

– Den viktigaste årsaka er at nokon i utgangspunktet grov det ned, fortel forskar og arkeolog Lisbeth Skogstrand til Ung.Forskning.no.

I jernalderen og bronsealderen vart nemleg både menneske og ting gravlagt under bakken anten i eit hol, under store steinrøysar eller inne i gravhaugar.

Hus under bakken

Når arkeologar finn noko djupt i ei myr, er det fordi døde folk og tinga deira ein gong for lenge sidan vart senka i det som då var vatn, men seinare grodde igjen til torvmyr, ifølgje forskaren.

Over mange tusen år kan torv veksa fleire meter. Derfor kan ein også finna hus frå steinalderen djupt under bakken enkelte stader.

I byar er ting litt annleis. Då gamle hus av stein og mur rasa, bygde ein berre oppå der igjen.