Fakta om bronsealderen 

Mot slutten av steinalderen blei eit nytt materiale kjent i Skandinavia. Bronse var meir solid enn flintstein som var vanleg i steinalderen. Men bronse var kostbart, så det var dei rikaste som fekk nytte av det i starten.

Folk trong eit meir solid materiale slik at dei kunne lage reiskapar, våpen og smykke. I starten av bronsealderen var det vanskeleg å få tak i, så det var helst dei rikaste som fekk tak i det. Men etter kvart blei bronse vanleg for andre folk også.

Bronsealder i Skandinavia

Bronsealderen var tida mellom steinalderen og jernalderen. Denne perioden kom til ulike tider, avhengig av kva for plassar ein snakkar om. Her i Skandinavia starta bronsealderen 1800 år før vår tidsrekning. Dei eldste kjende bronsegjenstandane er frå Midtausten (Egypt og Mesopotamia) ca. 3500 før vår tidsrekning. Frå Midtausten spreidde kunnskap om bronse seg til Hellas, Aust-Europa, Vest-Europa, Kina og Skandinavia.

Artikkelen held fram under bilete.

Bronsealderen
REISKAP: Dette er økser frå tidleg bronsealder.
Foto: Ned Alley : NTB scanpix

Dyr og menneske

I bronsealderen bygde dei små hus som låg rundt eitt eller fleire store hus. Dei store husa vart kalla langhus. Her budde dei mektigaste menneska. Om vinteren lot dei dyra flytte inn i husa, slik at alle kunne sove saman. Folk laga seg klede i vevd ull, men det var ikkje nok til å halde på varmen.

Helleristningar

Det var vanleg at folk teikna på steinar på denne tida. På lause steinblokker eller på fjellet. Teikningane blir kalla helleristningar. Dei fleste helleristningane er av dyr, sola, jordbruk, menn med våpen og skip.

Artikkelen held fram under bilete.

Bronsealderen
HELLERISTNINGAR: Det var vanleg at folk teikna på steinar på denne tida. På lause steinblokker eller på fjellet. Foto: Bohuslen : CC BY-SA 3.0 NO.JPG

Gravplassar

På denne tida laga dei store haugar av stein då dei gravla rike folk. Desse haugane vart kalla gravrøyser eller gravhaugar. Fleire menneske kunne gravleggast i same haug. Dei la gjerne den døde i ei eikekiste saman med smykke og våpen den døde skulle få med seg.

Korleis laga dei bronse?

Bronse består av cirka 90 prosent kopar og 10 prosent tinn. Det var eit svært kostbart materiale, så mange brukte steinreiskapar langt inn i jernalderen som kom etter bronsealderen.

Artikkelen held fram under bilete.

GRAVRØYS: På denne tida laga dei store haugar av stein då dei gravla rike folk. Desse haugane vart kalla gravrøyser eller gravhaugar. Foto: Sigrunespe / CC BY-SA 3.0 NO