Fakta om Jernalderen | Framtidajunior.no

Fakta om Jernalderen

Vikingtida er ein del av Jernalderen. I Jernalderen klarte dei å lage jern. Noko som førte til at dei fekk gode reiskap til å overleve. Skipa hadde aldri vore til utan gode reiskap som øks og jernnaglar. (Foto: Melisa Launay/Flicr)

Jernalderen har fått dette namnet fordi folk som levde på denne tida byrja å bruke jern til å lage reiskap og våpen. Dette førte til at det var lettare å skaffe seg mat. Dei kunne mellom anna lage kniv, kokekjelar, sverd, brynjer, saks. Rett og slett ting som gjorde det lettare å leve.

Vikingane fekk laga skip med reiskapar og jernnaglar til å feste plankane saman. (Foto: Guillaume Baviere / FLickr / CC BY-SA 2.0)

Vikingtid

Jernalderen byrja omkring 500 f.kr. og heldt på til om lag 1050 e.kr. Perioda delast opp i to: Den eldre- og Den yngre jernalder. Vikingtida i Noreg er ein del av den yngre jernalderen. Og den som kanskje er mest kjend her i Noreg.

Då dei klarte å lage skikkeleg verktøy blei det også lettare å bygge båtar, som gjorde at vikingane reiste rundt på vikingtokt.

Dei budde saman med dyra

Menneska budde i langhus. Dette var hus som hadde ein eldstad midt i huset. Langs veggane var der sitjeplassar. I eine enden budde ofte dyra om vinteren. Dyra gav mykje varme, men det har sikkert lukta veldig stramt.

VIKTIG ROLLE: Smeden fekk ei viktig rolle i Jernalderen. (Foto: Hans Splinter/ Flickr/ CC BY-ND 2.0)

Jakt, fiske og jordbruk

Etter at dei klarte å lage jern vart det også lettare å lage våpen og reiskap som hjalp til med å skaffe mat. Dei klarte å lage pilspissar, spyd og fiskekrokar av jern. Før dette hadde dei  blant anna brukt bein og stein.

Dei klarte også å lage reiskap som gjorde det lettare å drive jorddyrking.

Jakt, fiske og jordbruk vart dei viktigaste næringskjeldene til mat.

(Artikkelen held fram etter videoen).

Sjå video om Jernalderen

Eit liv etter døden

I gravene brukte dei å legge ting av verdi som skulle følgje den døde vidare på reisa. Dei trudde nemleg at livet fortsette etter døden. Det mest vanlege som er funne i graver er kammar av bein. Men menn fekk ofte med seg jakt- og jordbruk-reiskap. Kvinner fekk med seg kjøkkenreiskap, smykker og nøklar, for på den tida var det kvinnene som bar rundt med nøklane til husa.

Menneska levde i snitt til dei var i starten av 30-åra. Grunnen til den låge alderen er i hovudsak krig, sjukdom og at mange barn døydde tidleg.

Korleis laga dei jern?

Menneska fann malm i myra. Denne malmen tok dei og brann, til det blei eit raudt pulver. Dette pulveret tok dei og la inn i ein omn. Til slutt blei det til ein jernklump som smeden tok seg av og laga reiskap av. Dette var ein lang og vanskeleg prosess.

Kva meiner du?

82 svar

Kor ofte et du raudt kjøt i løpet av ei veke?

Trykk på eit svar for å sjå kva andre meiner. Vi lagrar ikkje kven som svarar.

Les vidare

Utforsk meir