FAKTA: Kven er inuittane?
- Inuittar er urbefolkning som lever på Grønland, i Alaska og Canada.
- Ordet «inuit» er grønlandsk og betyr «menneska».
- Tradisjonelt var inuittane eit nomadefolk som levde av jakt og fiske.
- I dag held nokon fast på tradisjonane, men bruker likevel moderne hjelpemiddel som snøskuterar og skytevåpen.
(Kjelde: Wikipedia, Store Norske Leksikon)
For tre år sidan endra Diplom-Is figuren dei kalla Eskimonika til den nye figuren som har fått namnet «Diplom-Is jenta Iselin». Den nye figuren er framleis gul og raud, men har fått av seg selskinnskleda til inuittane.
– Me ser poenget, og erkjenner at dette har teke lengre tid enn planlagt, seier Martin Kjekshus til NRK. Han er administrerande direktør i Diplom-Is.
Vil bruka opp emballasje
Martin Kjekshus seier også at gammal emballasje vil bli brukt opp før ny dukkar opp.
– Me ønskjer ikkje å kasta emballasje som heilt fint kan brukast berre fordi han har gammal logo, seier direktøren.