«Hans» sette 14 nye regnrekordar og minst éin flaumrekord

Då uvêret kom, hølja regnet ned over Aust- og Midt-Noreg. Det gjorde at mange elevar fløymde over.

Ved 14 vêrstasjonar vart det sett nye rekordar for døgnnedbør i byrjinga av veka, ifølgje Meteorologisk institutt.

Det varierer kor lenge målingane har gått føre seg ved desse stasjonane. Men ved Vang i Valdres strekkjer målingane seg tilbake til 1902.

Det var NTB som først omtala saka.