Det finst ei hemmeleg liste over namn på ekstremvêr

Meteorologisk institutt har gitt namnet «Hans» til uvêret som har ramma store delar av Sør-Noreg. Fram til no har namnet stått på ei liste over framtidige namn på ekstremvêr.

– Det går alfabetisk, fortel vakthavande meteorolog Beate Tveita hos Storm Geo til TV 2.

Førre gong me hadde eit ekstremvêr i Noreg som fekk eige namn, var då «Gyda» herja i januar i 2022. Dette var 74. gong eit ekstremvêr vart døypt i Noreg sidan «Agnar» var først ute i 1995.

– Det er annankvar gute- og jentenamn, så det neste vil vera eit jentenamn på i. Det er Meteorologisk institutt som gir namna, fortel Tveita.

Det er berre ei handfull menneske som veit kva det neste ekstremvêret skal heita. Namna står på ei hemmeleg liste for framtidige namn.