Leitar etter forsvunnen ubåt ved Titanic-vraket

Kanadiske og amerikanske militærskip og kystvakter har finkjemt overflata av havet sidan måndag, då alarmen gjekk.

Ubåten Titan vart sakna aust for Canada søndag morgon. Om bord på Titan var tre turistar, ein pilot og eigaren av selskapet som driftar ubåten, skriv New York Times. Dei fem skulle djupt ned i havet for å sjå på vraket av Titanic, som sokk i 1912 og som ligg på 3,8 kilometer under overflata utanfor kysten av Newfoundland i Canada.

Ubåten forsvann frå radaren om lag ein time og 45 minutt etter den dukka under overflata.

Titan kan vera under vatn i opptil 96 timar, men det er ikkje klart om fartøyet framleis er under overflata.

Leiteaksjonen har haldt på sidan søndag, og dei håpar framleis på å finna ubåten med passasjerane i live. Dei bruker radar, termiske biletsystem og auge for å saumfara titusenvis av kvadratkilometer i håp om å få auge på ubåten.

Ekspedisjonen vart organisert av OceanGate Expeditions. Undervassfartøyet tek vanlegvis fem personar om bord – ein pilot, tre passasjerar og ein representant for selskapet, ifølgje BBC.