Japanarar tek smilekurs etter pandemien

Pandemien og munnbind har gjort at fleire japanarar vil øve andletsmusklane.

Denne saka vart fyrst publisert hjå Framtida.no.

I Japan er det auke i personar som tek smilekurs.

Det skriv Reuters.

Etter fleire år med pandemi og munnbind, er det tydelegvis fleire som treng å øve på mimikken i andletet sitt.

Radioprogramleiaren Keiko Kawano har sidan 2017 hatt såkalla smilekurs, der elevane kan lære seg korleis dei kan få det perfekte Hollywood-smilet.

No er det fire gongar fleire som tek smilekurset enn det var på liknande tidspunkt i fjor.

– Eg brukte ikkje andletsmusklane mine så mykje i løpet av Covid, så det er ei god øving, seier Himawari Yoshida (20), som tek kurset for å kome lettare i arbeid.

Ein enkelttime med tilbakemeldingar kostar 7700 yen, over 600 kroner, og kundane er alt frå folk som arbeider i salsbransjen til offentlege tenester.

Oppskrifta til Kawano for det perfekte smilet inkluderer blant anna:

  • halvmåne-augo
  • runde kinn
  • å vise fram åtte overtenner

Elevane hennar kan øve på teknikken på eit nettbrett og blir vurdert for kor godt dei smiler.