Japan betalar innbyggjarar for å flytte til bygda

Japan vil at fleire skal bu utanfor Tokyo.

I den japanske hovudstaden Tokyo bur det over 36 millionar menneske. Til samanlikning bur det 5 millionar menneske i heile Noreg.

No vil myndigheitene hjelpe på fråflyttinga i distrikta i Japan med å tilby par som flyttar frå Tokyo éin million yen, noko som er i overkant av 76 000 norske kroner. I tillegg får dei 300 000 yen per barn, nesten 23 000 norske kroner.

Det skriv CNN og fleire andre internasjonale medium.

– Tokyo er veldig tett befolka og myndigheitene vil auke straumen av folk til regionane for å gje nytt liv til område med nedgang i befolkningstalet, seier ein talsperson ifølgje CNN.