Feirar vyshyvanka-dagen

Den tredje torsdagen i mai er vyshyvanka-dagen. Den dagen kler ukrainarar seg i den tradisjonelle broderte skjorta som heiter vyshyvanka.

Vyshivanka kjem av ordet for å brodere. Skjortene til Daniella Dvorachuk (12), Katerina Samoilenko (11), Ivan Samoilenko (13) Vladyslava Dovhun (11) og Dmytro Melnyk (11) har alle ulike broderi i mange fargar. Som med bunaden, kan skjortene vise kor du kjem frå.

– I gamle dagar hadde gjerne skjortene broderi med namn og symbol frå staden du kom frå. For eksempel fjell viss du kom frå eit område i Ukraina med fjell. Men i dag viser ikkje nødvendigvis skjortene kor du kjem frå i Ukraina, du kan like gjerne velje ei skjorte fordi du synest mønsteret er fint, fortel Dmytro.

Ein handarbeidstradisjon

Skjortene gjengen har på seg når Framtida Junior møter dei på Stord, er alle kjøpt i butikk i Ukraina. Men før i tida blei skjortene brodert av nokon i familien.

– Då eg var 5 år, hadde eg ei skjorte som mormor hadde laga. Men eg kan dessverre ikkje brodere sjølv, berre reparere hull på bukser, seier Vladyslava.

Daniella fortel at ho lærte å brodere litt i handarbeidstimane på skulen i Ukraina.

– Men det var veldig vanskeleg, seier ho.

Ei skjorte for spesielle anledningar

Skjorta er eit festplagg som ikkje blir brukt til kvardags.

SYMBOLSK: Broderia har ulike fargar og mønster. Foto: Synne Ulltang

– Det er ikkje noko du har på deg for å gå på butikken og kjøpe brød, seier Dmytro.

– Då eg budde i Ukraina, song mor mi i eit kor. Då dei opptredde, pleidde ho å ha på seg skjorta og eit svart skjørt, seier Vladyslava.

Men du treng ikkje nødvendigvis ha skjørt til.

– Du kan også bruke dongeribukse og vanleg bukse, seier Katerina.

Eit brodert symbol

Skjortene er eit symbol på ukrainsk kultur.

Den 18. mai i år er vyshivanka-dagen. Korleis skal de feire den?

– Eg inviterer alle på besøk, ha på dykk skjortene! seier Vladyslava raskt.

– Då kan vi sjå på film saman, og kanskje mamma kan lage noko godt, som suppa borsj eller ei kake.

Korleis føler de dykk når de har på skjortene?

– Vi føler oss bra, seier gjengen i kor.

– Eg kjenner meg stolt over å vere frå Ukraina, seier Katerina.