Louie Stowell skriv om norrøne gudar og venskap

Den britiske forfattaren lot seg inspirera av historiane om Tor og Loke.

Britiske Louie Stowell var i Noreg i samband med lanseringa av si nyaste bok Loke på norsk.

Loke fortel historia om guden frå norrøn mytologi som blir transportert til jorda og må leva som ein 11 år gammal gut. I løpet av historia må Loke læra seg å vera snill for å sleppa skumle konsekvensar.

Forfattaren ville utforska spørsmål som dei fleste ungar må stilla seg og utfordringar dei møter i løpet av oppveksten. Forskjellen mellom popularitet og ekte venskap, og at alle kan veksa og læra seg å vera eit betre medmenneske, er sentrale tema.

– Eg synest det er viktig å få fram at alle, til og med Loke, kan læra å bli betre, fortel Stowell.

Louie Stowell held teikneworkshop med barn. Foto: Siri Gaathaug

Magi i kvardagen

I oppveksten var Stowell sin store helt J.R.R. Tolkien, forfattaren bak Ringenes Herre-bøkene. Historier om dvergar, trollmenn, drakar og gudar blei viktige for ho gjennom heile livet.

Men det aller kjekkaste for Louie er når magien infiltrerer kvardagen. Ho skriv om opplevingar som dei fleste kjenner igjen, og drysser over ei klype fantasi for å vise kor rare menneske eigentleg er.

– Eg synest mange tradisjonar er ganske rare, sjølv om dei er fine. Til dømes bursdagsfeiringar: Når det er eit år til sidan nokon blei fødd, samlar me oss og syng for dei før dei bles ut like mange lys som år dei har vore i live, fortel ho.

– Det er ein kjekk tradisjon, men den er skikkeleg rar!

Skulebesøk

Stowell har vore på besøk til fleire skuleklassar i Oslo denne veka. Det har ho gjort mykje i Storbritannia, men aldri for elevar som snakkar eit anna språk.

– Eg var litt usikker på korleis det skulle gå, men det har gått veldig bra, fortel forfattaren.

På skulebesøka held ho kreativ skolering i teikning der elevane får prøva seg på å teikna karakterar frå boka og å designa eigne karakterar.