Super Mario-filmen set rekord

Super Mario Bros-filmen håva inn nesten 4 milliardar kroner dei fyrste fem dagane. Den har teke rekorden for billettsal i 2023.

Filmen hadde verdspremiere 5. april. Det var det mange som fekk med seg. Aldri har det gått så bra for ein animert film på kino. På verdsbasis henta Mario og gjengen inn over 3,9 milliardar kroner, skriv The Hollywood Reporter.

I Mario-spela får du ein one-up når du har samla 100 gullmyntar. Om ein reknar med at ein gullmynt er verd det same som ei norsk krone, svarar innteningane frå dei fyrste fem dagane til nesten 40 millionar ekstra liv. Me får håpa det er nok til å overvinna Bowser denne gongen òg.

Gif: Gfycat

Ikkje berre barnefilm

Super Mario, Peach, Luigi og gjengen er kjende karakterar for mange. Etter den italienske røyrleggaren fyrst kom til verda i spelet Donkey Kong frå 1981, har han teke verda med storm.

Folk i alle aldrar har kost seg med mario-spel sidan den gong. Mange av dei gjekk på kino i påskehelga. The Hollywood Reporter anslår at 60 prosent av dei som kjøpte billett til filmen er mellom 18 og 34 år.

Les meir: Desse er med i verdas dyraste TV-spel

Les også: 13 speletips til deg som diggar dataspel

Resultat:  

Vurdering: