Desse er med i verdas dyraste tv-spel

Ein forsegla kopi av spelet Super Mario Bros 3 frå 1990, vart nyleg seld og tok rekorden som verdas dyraste TV-spel.

Den 30 år gamle kassetten vart seld for 156.000 dollar, noko som tilsvarer 1,4 millionar norske kroner, skriv tek.no.

Grunnen til at prisen vart så høg, er først og fremst fordi spelet var i veldig god stand. Det hadde også eit design som viser at det er frå den aller første produksjonen. Av desse finnast det svært få forsegla utgåve att.

20 bodgivarar

Bodrunden starta på 62.500 dollar, og det var heile 20 personar som var med på spenninga.

Den gamle rekorden vart sett tidlegare i år, og var på 114.000 dollar, som er rundt 1.02 millionar norske kroner. Dette var det opprinnelege Super Mario Bros-spelet.