13 speletips til deg som diggar gaming

Rune Fjeld Olsen er speljournalist i Level Up Noreg og spelkritikar i NRK. Her er hans beste speletips!

Foto: Mediatonic / Devolver Digital

Fall Guys: Ultimate Knockout, 3+

Plattformer: Nintendo Switch, PlayStation 4, Xbox One, Xbox Series X og Series S, Microsoft Windows

Eit barnevennleg gameshow der du skal løysa oppgåver og komma deg gjennom spennande utfordringar. Det er gøy og morosamt!

 

Foto: Roblox Corporation

Roblox, 6+

Plattformer: Microsoft Windows, Android, Xbox One, iOS, Mac OS, Fire OS

I Roblox kan du utforska tusenvis, kanskje millionar av spel. Ein del av spela er laga av spelutviklarar, men dei fleste er laga av spelarane sjølv. Ein del av desse er svært populære – til dømes Murder Mystery 2, Adopt Me og Piggy.

 

Foto: Mojang Studios, ‪Double Eleven

Minecraft, 7+

Plattformer: Alle

Minecraft er ofte det spelet mange spelar som sitt første meir kompliserte spel. Det er sosialt, kreativt og fullt av fantastiske verktøy. Du kan gå på eventyr, møte store drager, byggja og laga maskinar.

 

Foto: Blue Mammoth Games

Brawlhalla, 7+

Plattformer: PlayStation 4, Nintendo Switch, Xbox One, Android, Microsoft Windows, macOS, iOS, Mac OS, Klassisk MacOS

Her handlar det om å sloss mot kvarandre i ein arena på spektakulært vis. Spelet er laga i 2D – slik at du ser spelarane frå sida. Dette er ein favoritt for mange!

 

Foto: Mojang Studios, ‪Double Eleven

Minecraft: Dungeons, 7+

Plattformer: Nintendo Switch, PlayStation 4, Xbox One, Microsoft Windows, arkadespill, Xbox Series X og Series S

Dette er eit eige Minecraft-spel som er sett saman som ei eventyroppleving. Du spelar deg opp i nivå, og får masse kult utstyr du kan bruka på vegen. Du kan samarbeide med andre om å komma deg gjennom vanskelege utfordringar og grotter.

 

Foto: Nintendo

Super Mario Odyssey, 7+

Plattform: Nintendo Switch

Mange er glade i gode historiar og i å spele på eigahand. I dette spelet får du begge deler. Du kan også spela med andre viss du vil. Det spelet er kjempebra!

 

Foto: Rec Room

Rec Room, 12+

Plattformer: Oculus Quest, Android, PlayStation 4, Xbox One, PlayStation 5, Microsoft Windows, iOS, Xbox Series X og Series S

Målgruppa er litt eldre enn Roblox, men her kan du også laga eigne spel. Dette er på ein måte “nye Roblox”.

 

Foto: Epic Games / People Can Fly

Fortnite, 12+

Plattformer: PlayStation 4, Xbox One, Nintendo Switch, iOS, Android, Microsoft Windows

Fortnite har kombinert kreativitet frå Minecraft og skytespel for vaksne – og laga ein fornøyelsespark med stor underhaldning. Du kan spela på lag, eller på eigahand i kreativ modus.

 

Foto: Nintendo

The Legend of Zelda: Breath of the Wild, 12+

Plattformer: Nintendo Switch, Wii U

I dette eventyrspelet får du møte kjempekule fiendar og gode utfordringar. Dette er eit perfekt val for deg som vil ha ei meir avansert speloppleving.

 

Foto: Insomniac Games

Ratchet & Clank: Rift Apart, 7+

Plattformer: Nintendo Switch, Wii U

Her får du følge Ratchet & Clank på reise til andre planetar! Dei besøker ulike byar i verdsrommet der dei kjempar mot kjempegøye superskurkar.

 

Tre splitter nye spel 

Slime Rancher 2

Plattformer: Xbox Series X og Series S, Microsoft Windows

I dette spelet fangar og dyrkar du fram skapningar laga av slim! Det første spelet var ein kjempesuksess, så dette kan bli ein stor favoritt!

Illustrasjon: Colourbox, Kollasj: Framtida Junior

 

Minecraft – The Wild Update

Plattformer: Alle

Før sommaren kjem det ei oppdatering i Minecraft som heiter The Wild Update.Dette blir ein av dei største oppdateringane nokon gong.

 

LEGO Star Wars: The Skywalker Saga

Plattformer: Nintendo Switch, PlayStation 4, Xbox One, PlayStation 5, Xbox Series X og Series S, Microsoft Windows, Mac OS

Det er legoversjonen av alle dei ni Star Wars-filmane, med oppdrag og historiesnuttar frå heile universet. Her handlar det om samarbeid og humor!