Lag deg eit påskeegg i papp

Me har fått tips til ulike typar påskepynt du kan laga heime frå elevar ved Bringedalsbygda skule. Desse prosjekta kan lagast av gjenbruksmateriale og det meste har du allereie heime. I dag får du vite korleis du kan lage deg ei grein full av påskeegg i papp.

Du treng:  

  • Lim
  • Farga papir
  • Tråd 
  • Saks
  • Pinnar
  • Ein vase eller noko fint å ha det i

Slik gjer du:

Klipp ut fem eggeforma bitar i farga papir.   

Foto: Bringedalsbygda skule

Brett dei på midten, og lim side mot side.

Foto: Bringedalsbygda skule

Når du har limt halvparten av sirklane saman, finn du deg ein tråd og legg den i midten. 

Foto: Bringedalsbygda skule

Lim resten av sirklane på.  

Foto: Bringedalsbygda skule

Heng pynten på ein pinne eller ei grein. Ta gjerne litt mose eller stein oppi vasen. Du kan også pynta med fjør, perler eller andre ting du vil ha med.