Sånn lagar du påskekylling av ein dorull

Me har fått tips til ulike typar påskepynt du kan laga heime frå elevar ved Bringedalsbygda skule. Desse prosjekta kan lagast av gjenbruksmateriale og det meste har du allereie heime. I dag får du vite korleis du kan lage deg ein kul dorullkylling!

Dette treng du: 

  • Fjør
  • Farga papir 
  • Måling 
  • Dorull
  • Lim
  • Saks
  • Ein blyant 

Slik gjer du:

  • Mål ein dorull i den fargen du ynskjer.
  • La han tørka.
  • Lim på fjør på sidene og på toppen av dorullen.
  • Klipp ut augo frå det farga papiret og lim dei på dorullen.
  • Bruk blyanten til å teikne svarte prikkar som pupillar på augo. Du kan også bruka plastikkauge om du har.
  • Klipp ein rombe. Brett romben på midten og lim den på dorullen slik at den ser ut som eit nebb.
  • Så klipper du ut ein hakelapp og limer den på.
Foto: Bringedalsbygda skule