Lær korleis du lagar påskekyllingar i garn

Me har fått tips til ulike typar påskepynt du kan laga heime frå elevar ved Bringedalsbygda skule. Desse prosjekta kan lagast av gjenbruksmateriale og det meste har du allereie heime. I dag får du vite korleis du lagar ein mjuk påskekylling i garn.

Du treng:

  • Papp 
  • Passar eller to runde former 
  • Tråd
  • Saks 

Slik gjer du:

Teikn ein sirkel på papp og ein mindre sirkel inni.

Foto: Bringedalsbygda skule

Klipp fyrst rundt den ytste sirkelen. Lag eit hol i midten på den inste sirkelen og klipp ut.

Lag ein sirkel til som er like stor.

Foto: Bringedalsbygda skule

Legg sirklane oppå kvarandre.

Foto: Bringedalsbygda skule

Tre garn gjennom pappen til det er eit lite hol att.

Foto: Bringedalsbygda skule

Det kan vera lurt å bruka ei nål på slutten om holet er for trongt å tre gjennom.

Foto: Bringedalsbygda skule

Klipp rundt sirklane på den ytste kanten.

Foto: Bringedalsbygda skule

Når du har klypt opp tråden ser du pappsirklane dine mellom tråden.

Knyt ein tråd mellom begge pappsirklane.

Klipp eller dra vekk pappsirklane.

Du har no ein rundt ball. Om den har litt merkeleg form, kan du «stussa» den litt for å få den rund.

Klipp ut eit nebb i papp eller stoff og lim det på.

Foto: Bringedalsbygda skule

Om du har plastauge kan du lime dei på. Du kan også laga auge av papp, perler eller noko anna du har liggjande.