Laga kjøttkaker av mammutkjøtt

Sjølv om mammutar vart utrydda for om lag 10 000 år sidan, kan me snart ha dei på middagstallerkenen.

Kjøttkakene vart vist fram på eit vitskapsmuseum i Nederland denne veka, skriv NPK.

Det er ei gruppe forskarar frå det Australske firmaet Vow som har laga kjøttkaker av den utrydda dyrearten. Kjøttkakene blei laga som eit eksperiment og for å belysa utfordringane verda går i møte knyta til klimaendringar.

– Vi valde mammutkjøtt fordi det symboliserer noko som er tapt, noko som er utsletta av klimaendringar, seier Tim Noakesmith, som grunnla Vow.

Foreløpig er det ingen som skal eta kjøttkakene. Sidan dei er laga av 4.000 år gamle protein må dei gjennom mange testar for å sjekka om det er trygt for menneskje.

– Vi står overfor ein liknande lagnad dersom ting ikkje blir gjort annleis, inkludert å endra matvanane våre, meiner Noakesmith.

Les meir: Fann frosen baby-mammut i Canada: – Draumen gjekk i oppfyllelse

Les også: Kan mammuten komme tilbake til live?