Kan mammuten komme tilbake til live?

Forskarar har laga teknologi som kan gjere det mogleg å gi nytt liv til utdøydde dyr.

 DNA

DNA er arvestoff som finst i alle cellene til dyr, plantar og alle andre levande organismar.

DNA inneheld «oppskrifta» som bestemmer korleis vi skal sjå ut og fungere, til dømes om vi har blå eller brune auge, og om vi har fingre eller klør.

Kjelde: Store Norske Leksikon

LES FAKTALUKK FAKTA

Kva om hårete mammutar igjen kunne vandre over europeiske sletter, eller vi kunne lage ein fornøyelsespark med levande dinosaurar, slik som i Jurassic Park-filmane. Heilt dit er ikkje vitskapen komen, men no meiner forskarane at dei kan bruke DNA frå utdøydde dyr til å lage nye individ med nokre av dei same eigenskapane.

DNA finst i alle cellene i kroppen vår. Foto: Geoff Hutchison

Endrar på DNA

I Australia er det ei gruppe med forskarar som prøver å gjenskape ein pungulv – eit stripete dyr som liknar på ein hund – som døydde ut i 1936. For å gjere dette, tar dei DNA-et til eit dyr som lever i dag, ei pungmus. Desse to dyra er i slekt, og DNA-et deira er 95 prosent likt. Ved hjelp av ny teknologi kan forskarane gjere visse endringar i pungmus-DNA-et, og slik avle fram ein lys levande pungulv. Dette er ein prosess som krev prøving og feiling, og kjem til å ta mange år. Ein må også finne ei «mor» som kan føde dyret.

Pungulven døydde ut på 1930-talet, etter å ha blitt jakta på av europearar som kom til Oseania. Foto: Wikipedia

Vil føre mammuten tilbake

På same måte ønsker andre forskarar å bruke nedfrosen DNA frå mammutar og krysse det med elefant-DNA. Målet er ikkje å gjenopplive mammuten, men å lage ein variant av ein elefant som kan tole svært låge temperaturar over lengre tid. Grunnen til at dei pønskar på dette, er at mammuten spelte ei viktig rolle for plante- og dyrelivet på tundraen i Sibir. Mammuten døydde ut for om lag 4.000 år sidan.

Ingen Jurassic Park

Betyr dette at ein kan lage nye dinosaurar? Nei. Først og fremst fordi det er så lenge sidan dinosaurane eksisterte, at det truleg er umogleg å finne brukbart DNA frå dei. Men viss ein hadde funne dinosaur-DNA kunne forskarane kanskje ha kryssa det med DNA frå fuglar eller dinosaurar – sidan dei er i slekt.

«Dolly» var historisk

Forskarar har tidlegare brukt DNA-teknologi for å lage klonar av levande dyr. Mest kjent er sauen Dolly, som vart fødd i 1996 og var verdas første klone av eit pattedyr. I 2020 vart ein svartfota ilder – ein nordamerikansk art som er utryddingstruga – klona. Forskarane ønskte å bidra til at det kunne fødast fleire nye ilderar. DNA-et forskarane brukte var frå ein død ilder som hadde vore frose ned i 30 år. I 2003 lukkast forskarar med å klone tilbake ein utdøydd variant av fjellgeit, men klonen døydde få minutt etter fødselen.

Sauen Dolly, som vart fødd i 1996 og var verdas første klone av eit pattedyr. No er Dolly utstoppa. Foto: ​​Toni Barros, CC BY-SA 2.0-lisens