I helga er det lov å lura sine næraste

På 1. april, eller aprilsnarr, kan ein tulla litt ekstra med familie og vener. Berre ein ikkje går for langt...

På 1. april kan du fortelja mor di at du har vunne noregsmeisterskap i motorsag, legga plastfolie over toalettskåla eller byta ut sukkeret med salt i morgonkaffien til han far. Her kjem tre av dei best kjende aprilspøkane frå historia.

Folk står i kø med bøtter utanfor vinmonopolet. Biletet er i svart-kvitt.
Mange osloensarar møtte opp med bøtter for å henta seg billeg vin 1. april 1950. Foto: Henrik Ørsted/Digitalt museum/Wikimedia Commons

Bøtter med vin

Avisa Aftenposten drog ein grov aprilsnarr i 1950, då dei lysa ut til alle osloensarar at Vinmonopolet skulle dela ut vin til veldig billig pris. Avisa oppmoda folk til å møta opp med bøtter og spann for å få med seg tilbodet, og det gjorde dei

Pasta veks på tre

I 1957 klara den britiske rikskringkastaren BBC å lura sjåarane sine trill rundt då dei sende ein reportasje frå Sveits. Journalisten hadde nemleg reist til ei sveitsisk bygd for å få med seg den årlege spagettihaustinga, når dei plukkar all spagettien frå spagettitreet.

Spagetti, sånn som alle andre typar pasta veks diverre ikkje på tre, men det var det mange britar som lét seg lura av.

Farlege klimaendringar

I 2015 la forskning.no ut ei sak som skremte mange. Dei skreiv at forskarane Andrew J. Hamilton, Robert M. May og Edward K. Waters hadde oppdaga at drakar var ekte.

Ikkje berre det, men drakane hadde ligga i dvale lenge. På grunn av dei store klimaendringane skulle drakane snart komma ut av den lange dvalen.

Illustrasjonsfoto: Pixabay

Les meir: Alle kan bli lurt