Vanvittige aprilsnarrar

1. april er dagen då alle kan lure kven dei vil. Har du planlagt å lure nokon i dag?

I 1957 lurte den britiske TV-kanalen, BBC, sine sjåarar. Då viste dei ein video av det som liksom skulle vere spagetti-blomstring.

Dei fleste av oss veit at spagetti ikkje veks på tre, men mange sjåarar blei nok lurte.

NRK lurte sjåarane sine

På slutten av sekstitallet var det ikkje farge-Tv i Noreg. Sjåarane fekk beskjed om at dei kunne få farge-TV dersom dei slo av alt lyset utanom ei lyspære, skriv NRK.

Den svenske TV-kanalen hadde lurt svenskane nokre år tidlegare. Der fekk sjåarane beskjed om å trekkje ei nylonstrømpe over TV-apparatet for å få farge-TV.

Ein gamal skikk

Ifølgje gammal skikk har ein lov å narrre andre 1. april.

Opphavet til skikken er omdiskutert, men mykje tyder på at det kjem frå Frankrike.

På slutten av 1500-talet gjekk Frankrike som første europeiske land over til den gregorianske kalenderen, noko som innebar at det nye året ikkje lenger starta i mars, men 1. januar, skriv NRK.

Har du vorte lurt 1. april?

Har du vorte lurt 1. april?

Ja36
Nei14
Veit ikkje3
Nesten8
Eg går på kvar gong2
Eg avslører spøken8
Svar totalt: 71