13 kule aprilspøkar

Lyst å lure familien trill rundt i dag? Her er nokre tips til deg!

  • Lag ei isbitbombe! Fyll isbitbrettet med vatn – men legg ein mentos ned i kvar isbit. Vent til dei frys, og server til foreldra dine i eit glas brus. 
  • Fyll ein tom mjølkekartong med vatn og konditorfarge.
  • Teikn ein edderkopp på dopapirrullen med sprittusj.
  • Tre popcorn på ein tråd (med nål) – og når du har laga ei lang remse, legg du heile remsa i ei skål. Server til ein i familien!
  • Fyll eit glas med vatn, dekk toppen med aluminiumsfolie, snu glaset opp ned og dra aluminiumsfolien forsiktig vekk. Tilby foreldre eller søsken noko å drikke.
  • Surr fjernkontrollen inn i masse tape.
  • Lim ei krone fast på asfalten utanføre inngangsdøra.
  • Har du ein plastslange? Legg han mellom grønsakene i kjøleskapet!
  • Ta litt neglelakk på plastfolie. Vent til det tørkar før du plasserer det ein lur plass. For eksempel på telefonen til ein av foreldra dine. Så ropar du “Å! Eg søla neglelakk på telefonen din!”
  • Server oreokjeks med tannkrem i midten i staden for fyllet som er på når du kjøper dei.
  • Lag ein bæsj av ein tom dorull so du bløytar i vatn. Kna den slik at den ser ut som ein bæsj og plasser den i senga til søsken eller foreldre.
  • Viss du har ein tom tannkremtube kan du putte kaviar i – så får familien ei overrasking når dei pussar tenna om kvelden.
  • Ta blank neglelakk på eit såpestykke de har ved vasken eller i dusjen. La det tørke, og legg såpa attende.