Framtidajunior Nyhende Har teke bilete av insekthjernar Sånn ser hjernen til bananfloga ut. Grafikk: Johns Hopkins University / University of Cambridge. Marie Knutsen BruntveitTysdag 14. mars 2023(Forsking) Har teke bilete av insekthjernar For fyrste gong har forskarar klart å ta bilete av hjernane til små bananfloger. Forskarar ved Cambridge University og Johns Hopkins University har klart å ta bilete av bananflugelarver for å laga eit veldig detaljrikt kart, skriv Smithsonian Magazine. Ei bananflugelarve er veldig liten, og har ein hjerne på storleik med eit saltkorn. Ei vaksen bananfluge er berre eit par millimeter lang. Foto: Martin Cooper / Flickr Det tok 12 år å kartlegga alle dei 3000 nervecellene og nesten 550 000 forbindingar i flugene sine hjernar. Til no har det berre vore laga sånne kart for tre andre insekt, forskarane seier dette er eit stort framsteg. Les meir: Fleire hundre nye insekt er oppdaga i Noreg Les også: Forskarar skal forvandla insekt til videodronar Marie Knutsen BruntveitTysdag 14. mars 2023(Forsking) MEIR OM Forsking Forsking Ein ny, usynleg farge kan hjelpe fargeblinde i framtida Forsking Kvifor har rådyr kvit rumpe? Forsking Ung forskar kåra til «TIME’s kid of the year» MEST LESE Skrivekonkurranse Skrivekonkurranse: Sommarfavorittar Krig Kva skjer mellom Iran og Israel – og treng me å... Barnas Klimapanel – Vi skal ikkje bli brukt som maskotar