Fleire hundre nye insekt er oppdaga i Noreg

Ein ny måte å leita etter DNA på har ført til at det er oppdaga over 400 nye insekt i Noreg.

– Dette vil etter kvart gi oss mykje betre kunnskap om insekta i Noreg.

Det seier Ellen Hambro, som er direktør i Miljødirektoratet i ei pressemelding.

Forskarar frå Norsk institutt for naturforsking (Nina) overvakar kva typar insekt vi har i Noreg. No har dei vidareutvikla ein metode som gjer det mogeleg å kjapt finne ut av kva slags insekt dei har med å gjera.

Les også: – Me lærer masse i skulehagen

Har funne 16.000 artar

Metoden blir brukt på insekt som er blitt fanga inn ved hjelp av insektfeller. I løpet av to sesongar er det funne i alle fall 16.000 artar.

Dette vil sannsynlegvis føra til at det blir registrert mange nye artar i Noreg.

Gif: https://giphy.com/

DNA er arvestoff som finst i alle celler og det har to oppgåver, skriv Store norske leksikon.

1: Som ei oppskrift som bestemmer korleis organismen skal sjå ut og fungera, og

2: Som arvestoff som blir vidareført frå ein generasjon til neste.

FNs Naturpanel er bekymra for utviklinga

Av dei 16.000 forskjellige artane, har forskarane funne 400 artar som aldri før har vore oppdaga i Noreg. Dei har også funne 110 artar som bør merkast som raudlista – det vil seia at det er fare for at dei forsvinn.

Ellen Hambro fortel at insekta speler ei avgjerande rolle i økosystema. Fleire internasjonale rapportar ser alvorleg på nedgangen av insekt på jorda, og FNs Naturpanel er bekymra for utviklinga.

– Den nye teknologien kan gi oss meir kunnskap om utviklinga til insekta i Noreg. Slik kan me betre vurdera kva tiltak som er naudsame for å ta vare på dei, seier ho.