Forskarar skal forvandla insekt til videodronar

Eit superlett kamera skal gi oss moglegheita til å sjå verda slik insekta gjer det.

Forskarar ved University of Washington i USA har laga eit pitte lite kamera. Det er så lite at det kan monterast på ryggen til ei bille!

Det nye kameraet kan hjelpa forskarar til å få eit heilt nytt innblikk i verda til insekt, skriv Illustrert Vitenskap.

Kameraet drivast av eit batteri. Det har ein microchip som sender bileta til ein mobiltelefon, som kan vera så langt som 120 meter vekke frå insektet som har fått ny ryggsekk. Via blåtann kan forskarane styra vinkelen til kameraet, ved å senda straum til gjennom ein arm kameraet er montert på.

Same vekt som ein pengesetel

Lurer du kanskje på om om det blir tungt å bæra dette kameraet? I alle fall ikkje for menneske! Kameraet veg nemleg berre 248 milligram – det er om lag den same vekta som ein pengesetel.

Dette gjer det til det lettaste trådlause og fjernstyrte kameraet som nokon gong er laga. Neste skritt er å kutta vekta på kamerat med mellom 50–100 milligram, slik at det også kan brukast på insekt som flyg.

Sjå korleis kameraet fungerer her: