Tre smarte kvinner du kanskje ikkje har høyrd om

På kvinnedagen i år rettar me fokuset mot nokre av kvinnene som har bidrege til å utvikla vitskap, teknologi og medisin.

Kvart år har kvinnedagen eit spesielt tema. I år vil FN setja fokus på kvinner i teknologien.

Det er mange kvinner som har hatt stor innverknad på utviklinga av teknologien me har i dag, men mange av dei høyrer me lite om.

Tre av dei er Ada Lovelace, Rosalind Franklin og Katherine Johnson. Utan desse, og fleire, hadde me ikkje hatt datamaskinar, forstått korleis DNA fungerer eller komme oss til månen.

Verdas fyrste programmerar

Portreitt av Ada Lovelace
Illustrasjon: Alfred Edward Chalon / Science Museum Group

Ada Lovelace vart fødd i 1815 i England. Sidan ho kom frå ein rik familie fekk ho god undervisning i matematikk.

Sjølv om datamaskinen ikkje var oppfunnen enno, klarte Ada å finna opp den fyrste algoritmen. Ada er mest kjend for å ha arbeida med utviklinga av prototypen til ein av dei fyrste datamaskinane.

Lovelace klara å skriva ei algoritme, ein beskjed til maskinen om kva den skulle gjera, og er difor rekna som den fyrste programmeraren.

Ada såg potensialet til datamaskinar lenge før mange andre, og mange av idéane hennar brukast framleis i dag.

Rosalind Franklin ser i eit mikroskop. STEM
Foto: MRC Laboratory of Molecular Biology / Jenifer Glynn.

Påvisa korleis DNA ser ut

Rosalind Franklin var ein britisk biofysikar som jobba med røntgenbilete.

Arbeidet hennar gav James Watson og Francis Crick bevisa dei trong for å påvisa korleis DNA er bygd opp. Watson og Crick vann Nobelprisen i medisin for denne oppdaginga.

Sjølv om arbeidet hennar var viktig for oppdaginga, vart ikkje arbeidet til Franklin anerkjend av Nobelkomiteen.

Portreitt av Katherine Johnson STEM
Foto: NASA

Sende folk til månen

Katherine Johnson var matematikar og jobba for NASA på midten av 1900-talet. Ho gjorde eit viktig bidrag for å senda folk til verdsrommet.

Johnson arbeida med Apollo 11-oppdraget, som sende dei fyrste menneskja til månen i 1969. På den tida måtte alle reknestykkene gjerast for hand, ofte utan kalkulator.

Les meir: Åtte kule kvinner du ikkje lærer om på skulen

Les også: Seks historiske kvinner som endra verda