Åtte kule kvinner du ikkje lærer om på skulen

Desse åtte føregangskvinnene bør du vete kven er.

Denne saka var først publisert hjå Framtida. Der kan du også få seks tips om korleis du kan reparera dine egne klede.


Ellen Gleditsch – kjemikar

Foto: NTB / NTB

Fødd: 29. desember 1879
Døydde: 5. juni 1968
Frå: Oslo

Du har kanskje høyrt om den første kvinnelege professoren i Noreg, zoolog Kristine Bonnevie, men har du høyrt om den andre?

I 1929 – etter eitt år med saksbehandling, utsetjingar og debatt – vart Ellen Gleditsch utnemnd professor i uorganisk kjemi.

Ellen Gleditsch vaks opp i Tromsø, der ho utdanna seg til å verte farmasøyt. 23 år gammal var ho assistent på det kjemiske laboratoriet hjå Universitetet i Oslo.

Gleditsch var fascinert av radioaktivitet, og då ho var 28 år søkte ho seg til Marie Curie sitt berømte laboratorium i Paris. Marie Curie avviste først førespurnaden frå Gleditsch, men ombestemte seg då ho fekk høyre om kjemikvalifikasjonane til tromsøværingen.

I fem år arbeidde Gleditsch ved laboratiet til Marie Curie, samstundes som ho studerte ved Sorbonne-universitetet. I 1912 forlet Gleditsch Paris, og hadde ein svipp heimom før ho drog vidare til USA for å forske vidare. I 1916 kom ho igjen attende til Noreg, som dosent i radiokjemi.

Studiane til Ellen Gleditsch vekte internasjonal merksemd, og eitt av hennar viktigaste bidrag var forskinga på halveringstida til radium.


Therese Bertheau – fjellklatringspioneren

Therese Bertheau, foto fra Norsk fjellsport 1933.
Foto: Ukjend fotograf/Norsk fjellsport/Falle i det fri

Fødd: 1861
Døydde: 1936
Frå: Skjeberg, Østfold

På slutten av 1800-talet var den gjengse oppfatninga at menn klatra i fjellet og kvinner heldt seg heime.

Ei som gav fullstendig blaffen i dette, var Therese Bertheau. Ho nådde sin første fjelltopp, Uranostinden i Jotunheimen, allereie i 1885 og fleire skulle det verte.

Ni år seinare, sommaren 1894, vart ho første kvinna i verda som gjekk til toppen av Store Skagastølstind! Fjellet er Noregs tredje høgste, og ruvar 2405 meter over havet.

Det var forventa at kvinner som drista seg til fjells på 1800-talet, hadde på seg fotsidt skjørt, men Bertheau løfta både skjørtekanten til leggen og hadde bukse på seg under som ho gjekk i når ingen såg på. Når fotografen tok fram kameraet sitt, tok ho på seg skjørtet att.

Bertheau steig opp over 30 toppar i løpet av livet, mange av dei i Jotunheimen.

Therese Bertheau var ei imponerande kvinne også utanom fjellklatring. Ho hadde dåtidas høgaste utdanning for kvinner, guvernanteeksamen, og var utdanna i både engelsk, fransk og tysk.


Clara Holst – språkvitaren akademia ikkje ville ha

Foto: Ukjend fotograf/Falle i det fri

Fødd: 4. juni 1868
Døydde: 1935
Frå: Kristiania (Oslo)

Clara Holst kom frå ein akademisk familie, og gjekk i fotefara til bestefaren sin.

I 1817 vart Frederik Holst den første til å ta ei doktorgrad ved det som då heitte det kongelige Frederiks universitet, dagens Universitetet i Oslo. Nesten 100 år seinare, i 1903, vart barnebarnet Clara Holst den aller første kvinna til å forsvare ei doktorgrad ved det same universitetet.

Allereie før doktorgraden var i boks, hadde Holst opparbeidd seg ei internasjonal erfaring utanom det vanlege: Ho hadde studert både ved Sorbonne i Frankrike, Cambridge i England, samt i Leipzig og København.

Ein skulle tru at Holst var ein særs ettertrakta jobbkandidat. Men det var ikkje starten på noko karriere i norsk akademia for ho.

Kvinner fekk ikkje fast stilling hjå universitetet, så dersom ho ville arbeide innanfor høgare utdanning laut ho til utlandet. I nokre år budde og arbeidde difor Holst i USA. I 1908 kom ho attende til Noreg, og to år etterpå fekk ho eit lærarembete ved Hamar katedralskole. Endå ho var overkvalifisert til stillinga, fekk ho ikkje undervise anna enn på nybyrjarnivå.

Clara Holst bad om å verte friteken embetet, og trekte seg attende.


Aasa Helgesen – Norges første kvinnelege ordførar

Aasa O. Røynesdal, gift Helgesen, var Noregs første kvinnelege ordførar. Foto: Ukjent/Historiske Foto- Marnardal og Audnedal. Gjengjeve med løyve

Fødd: 11. februar 1877
Døydde: 29. april 1968
Frå: Bjelland (no Marnardal)

Då Aasa Helgesen gjekk for å stemme i kommunevalet i Utsira i 1925 oppdaga ho noko uventa: ho stod oppført som ein av kandidatane på ei rein kvinneliste.

Verken Helgesen eller nokon av dei andre kvinnene var klar over at dei no stilte til val.

Sjølv om kvinnene vart ført opp som ein spøk, vart dei tildelt 11 av 12 plassar i kommunestyret.

Helgesen, som til vanleg var jordmor på øya og fungerte som lege ved behov, vart Noregs første kvinnelege ordførar.

Trass dei dystre spådomane, let ikkje «Skjørteregimet på Utsira» seg pille på nasen og tok tak på dei nye arbeidsoppgåvene med godt mot. Etter eit halvår kunne Haugesund Avis melde at komuneøkonomien var god og det var ikkje stifta eit einaste øre i gjeld.


Elsa Laula Renberg – den samiske kvinnepioneren

Foto:Ukjent/Saemien Sijtes fotoarkiv/Offentlig eiendom

Fødd: 29. november 1877
Døydde: 22. juli1931
Frå: Sør-Sápmi

Elsa Laula vart fødd i Sør-Sápmi, men nøyaktig kor er usikkert. Ho var dotter av reindriftssamar, som oppheldt seg på begge sider av den norske og den svenske grensa.

Gjennom oppveksten var Elsa Laula vitne til korleis samane vart undertrykte og marginaliserte.

Reidriftssamane mista retten til å leige ut eigne slåttemarker og tilby jakt og fiske, og fekk heller ikkje lov av den staten til å drive jordbruk. Dei hadde heller ikkje stemmeret.

Som student i Stockholm vart kampgløden til Elsa Laula kveikt. I 1904 gav ho ut kampskriftet Inför Lif eller Död, som var den første boka gjeven ut av ei samisk kvinne. Der skildrar ho korleis koloniseringa av Sápmi trugar samane sin eksistens og manar til organisering.

Ho var drivkrafta bak det første samiske landsmøtet noko sinne i 1917, som samla over hundre deltakarar både frå Sverige og Noreg.


«Molla» Mallory – tennisdronninga «Marvelous Molla»

Foto: George Grantham Bain/Wikimedia Commons/Offentleg eigedom

Fødd: 6. mars 1884
Døydde: 22. november 1959
Frå: Mosvik, Trøndelag

Visste du at ein nordmann har vunne tennisturneringa Grand Slam i US Open? Det har nemleg Molla Mallory! Opptil fleire gongar.

Tennisdebuten til Anna Margrethe Bjurstedt kom som 18 åring i Oslo Tennisklubb, men innan ho takka for seg som tennisspelar, hadde ho bygd seg opp det mest imponerande troféskapet i norsk tennishistorie.

I 1912 henta ho heim Noregs første OL-medalje for kvinner under leikane i Stockholm, då ho vann bronse i single.

Molla var fødd i Mosvik i Trøndelag, men flytta til USA i 1914. Der skulle ho arbeide som massør og spele tennis som hobby. Men tenniskarrieren tok av for Bjurstedt, som etter nokre år gifte seg med børsmeklaren Franklin Mallory.

Samanlagt vann Molla Mallory 13 Grand Slam-turneringar, åtte gongar i single. Framleis held ho rekorden over flest singles-titlar på kvinnesida i US Open – nesten 100 år etter ho sist spelte seg til topps. Siste US Open-siger fekk ho i 1926 som 42-åring, noko som gjer ho til den eldste, både blant kvinner og menn, som har sikra ein tittel.


Fern Sunde – skipsradiotelegrafisten

Foto: Vest-Agder-Museet

Fødd: 6. juli 1918
Døydde: 19. september 1991
Frå: Regina, Canada

Fern Sunde er truleg verdas første kvinnelege skipsradiotelegrafist.

Då andre verdskrig braut ut, søkte Fern Sunde seg til kveldskurs i radiotelegraf. Ho søkte tre skular som alle mangla elevar, og fekk tre avslag.

Men behovet for telegrafistar vart større, og seks kvinner skulle få mogelegheita. Berre Sunde og éi anna søkte og vart tekne opp, men medeleven slutta etter kort tid. I 1941 mønstra Fern Sunde på det norske skipet M/S Mosdale frå Farsand.

Ifølgje ei undersøking av 191 skip i åra 1941-1942 var det berre 17 kvinner blant 5574 sjøfolk, noko som tilsvarar 0,3 prosent. Dei fleste kvinnene var tilsette som messepiker, salongpiker og lugarpiker, som dei då vart kalla.

Fern Sunde var såleis ein pioner, som opna døra for andre kvinner etter seg.

M/S Mosdale frakta tonnevis med viktige varer til britiske hamner, og Sunde sin jobb som gnist var å lytte for å fange opp signal og lese koda meldingar.

15. juli 1943 vart Fern Sunde den første kvinna til å få Krigsmedaljen i NoregDå hadde Mosdale hadde tilbakelagt 51 turar over Atlanteren. Innan krigen var over hadde Sunde segla 78 gongar over havet med skipet.


Johanne Kolstad – The Queen of Skis

Johanne Kolstad. Foto: Norsk Bergverksmuseum.

Fødd: 25. februar 1913
Døydde: 5. september 1997
Frå: Øvre Nordsinni ved Dokka i Nordre Land

Du kjenner kanskje til Maren Lundby eller Anette Sagen? Begge dei to skihopparane er kjende for å imponere både i og utanfor bakken, med å høglydt seie frå om at dei ikkje aksepterer å verte handsama ulikt enn gutane.

Men før nokon av dei to i dei heile var fødde, regjerte Johanne Kolstad i hoppbakken.

Kolstad og venninna Hilda «Nusse» Braskerud vart hoppyndlingar, men dei fekk ikkje konkurrere som gutane. Jentene passa seg best som prøvehopparar og pauseunderhaldning, trass i at dei imponerte i bakken.

I 1931 kravde folket at dei to skihopparane skulle få ta fatt på Holmenkollen. Men Skiforeningen nekta, og major Finn Quale, som var formann i foreningen, uttala:

«Her skal det ikke være noe sirkus, kvinnelik skal ikke dras ut av hoppbakken.»

Så Johanne Kolstad tok like greitt å reiste til USA på skiturné nokre år seinare. I fem år reiste skihopparen rundt om i statane og deltok på spektakulære show. Amerikanarane kalla ho the Queen of Skis.