Derfor feirar me kvinnedagen

I dag, 8. mars, feirar me den internasjonale kvinnedagen. Kanskje du synest det er eit veldig fint tiltak, kvinner har sin dag. Men kjenner du historia til kvifor me feirar dagen?

Årstal for innføring av stemmerett for kvinner:
  • 1869- Wyoming (staten i USA)
  • 1893- Ny Zealand
  • 1903- Australia
  • 1906- Finland
  • 1913- Noreg
  • 1915- Island, Danmark
  • 1917- Russland, Nederland, Canada
LES FAKTALUKK FAKTA

Vel, for 150 år sidan såg ikkje situasjonen til kvinner i verda ut som i dag. Både på arbeidsplassen, i utdanninga og i livet elles hadde kvinner færre rettar enn menn.

Kvinner hadde ikkje stemmerett, og det var fleire andre rettar dei ikkje hadde i det heile tatt.

1800-talet var prega av økonomisk industrialisering og framveksten av nye politiske rørsler. Menneskerettserklæringane etter revolusjonane i Amerika og Frankrike på slutten av 1700-talet førte med seg krav om endringar i samfunnet og demokrati.

Starta i København

Kvinner starta kampen for likestilling, det vil seia å bli rettferdig behandla, uavhengig av kjønn. Streikar, protestar, kampanjar vart organiserte, krav var sendt, plakatar vart sett opp og løpesetlar vart delte ut. Dei fleste av desse aktivitetane var likevel ulovlege, og mange kvinner vart fengsla for slike aktivitetar.

I 1910 vart kongressen for sosialistiske kvinner heldt i København, der 8. mars vart etablert som kvinnedag, for å sameina kvinner i kampen for likestilling. Men endringar skjedde ikkje raskt.

Det var først i 1945 at FN-pakta i USA vart signert, det første internasjonale dokumentet som stadfesta likestilling mellom menn og kvinner.

Feminisme i dag

Kvinner i Stockholm demonstrerer med eit kjent feministsymbol på kvinnedagen 8. mars 2012
Foto: Karin Beate Nøsterud/norden.org
CC BY-SA 2.5

I utgangspunktet var målet for kvinner (dei såkalla suffragettene) å kjempa for stemmerett og formelle garantiar. Seinare vart ei anna rørsle fødd: feminisme, som fokus på reell likestilling i kvardagslivet.

Sjølv om grunnleggjande rettar er vunne, prøver feministar framleis å retta merksemda mot kvinners problem.

Til dømes er saker som rettar i samband abort, graviditet og fødsel, vald i parforhold, fødselspermisjon, likeløn, kjønnsbasert mobbing og diskriminering viktige for dagens feministar.

Les meir: Tre smarte kvinner du kanskje ikkje har høyrd om

Les også: I dag feirar me den internasjonale kvinnedagen

Skal du markera kvinnedagen?

Skal du markera kvinnedagen?

Ja10
Nei9
Veit ikkje4
Svar totalt: 23