Ung.no har laga gode tips om kva du kan gjera viss du blir beden om – eller har lyst til – å senda nakenbilete.
- Sett dine eigne grenser og respekter andre sine grenser.
- Har du vorte spurd om å dela nakenbilete og er usikker på kva du skal gjera? Då bør du vita at noko som er spennande akkurat no, kan bli ubehageleg etterpå. Dessverre opplever mange at den andre ikkje var til å stola på likevel.
- Har nokon delt eller lagt ut intime bilete eller video av deg? Ta kontakt med Slettmeg.no. Dei kan ofte hjelpa deg med å sletta innhaldet.
- Viss nakenbilete av deg er på avvegar er det viktig å få hjelp raskt. Snakk med ein vaksen!
- Viss ein person over 16 år har spurt deg om nakenbilete, eller sagt at du kan senda, kan du ikkje bli straffa for å senda bilete eller video av deg sjølv.
- Tenkjar du på å senda nakenbilete til ein som ikkje har bede om det? Dette blir rekna som digital blotting, noko som er straffbart.
- Ikkje alle sender nakenbilete fordi dei har lyst til det sjølv, nokon blir overtalte eller pressa til å gjera det. Det kan vera vanskeleg å stå imot ein som bruker kompliment for å få viljen sin. Hugs at kompliment som blir brukt som mas eller utpressing ikkje er ekte kompliment.
- Treng du tips til kva du kan svara tilbake? Her har du eit forslag: «Takk for det, men eg synest det er dårleg gjort at du bruker smisk for å få meg til å senda bilete. Trur du eg fell for det? Det er verkeleg dårleg stil å bruka behovet mitt for bekrefting for å manipulera meg til å senda deg bilete».
- Nokon seier ting som «stoler du ikkje på meg?» eller «eg lovar å ikkje senda det vidare!». Å få sånne meldingar kan gjera det vanskeleg å seia nei. Når nokon får deg til å føla at du er nøydd til å senda dei noko for å bevisa at du har tillit til dei, blir det kalla manipulasjon. Til dette kan du til dømes svara: «Dette handlar ikkje om å stola på deg eller ikkje, men at eg rett og slett ikkje sender nakenbilete».
- Har nokon sendt deg nakenbilete av seg sjølv eller andre? Viss personen på bileta er under 18 år blir innhaldet rekna som seksuelt innhald av barn. Du risikerer å bli meldt og straffa viss du har seksuelt innhald av mindreårige på telefonen eller andre stader. Du risikerer straff anten det er personen på bileta eller nokre andre som sende dei til deg. Viss de er omtrent like gamle og personen på bildet er over 16 år og synest at det er greitt at du har dei, så vil du i mange tilfelle sleppa straff.
- Hugs at det er ulovleg å dela nakenbilete av andre vidare, anten du fekk bileta av personen sjølv eller frå nokre andre.
Dette er straffbart:
- Å pressa andre til å senda nakenbilete.
- Å oppbevara seksualiserte bilete av nokon som er under 18 år.
- Å dela nakenbilete du har fått tilsendt, same kor mange som allereie har sett bileta.
- Å senda nudes eller dickpicks til nokon som ikkje har spurt om det.
- Å senda seksualiserte bilete til nokon under 16 år.