Halvparten av unge har blitt spurt om å senda nakenbilete

Omtrent halvparten av unge mellom 13 og 18 år fortel at dei har blitt spurt om å dele eit nakenbilete av seg sjølv.

I ei undersøking OsloMet har gjort, kjem det fram at mange unge føler det er vanskeleg å melda slike ting til politiet, skriv Ung.Forskning.no. Dei opplever òg at det ikkje blir tatt på alvor om dei gjer det.

Forskarane ved OsloMet har samla 10 gutar og 9 jenter på rundt 17 år til ein samtale om sosiale medium og deling av sårbare bilde. Der kom det fram at det er mange som delar nakenbilete av seg sjølv eller andre.

Også frå ukjende

Ifølgje ei anna undersøking, gjennomført av Medietilsynet i 2020, har 4 av 10 fått tilsendt nakenbilete av andre. Av dei som har fått tilsendt nakenbilete, fekk 40 prosent bilda frå ein ukjend på nettet. 46 prosent er vorte spurt om å senda eller dela nakenbilete av seg sjølv.

12 prosent har i løpet av det siste året sendt eller delt eit nakenbilete av seg sjølv, og 13 prosent av desse har fått betalt for å senda slike bilete.

Framtida Junior har tidlegare snakka med Eivind Reiner-Holm som jobbar i Nettvett.no.

– Viss nokon er ekle, skremmer deg, pressar deg til å senda bilde, personlege opplysningar eller til å møtast via webkamera – avbryt kontakten med ein gong! Sei ifrå til ein vaksen du stoler på, rapporter og blokker brukaren, seier han.

– Viss du skal dela bilete av andre, må du ha deira samtykke. Det same gjeld om andre deler bilete av deg – du skal bestemma om det er greitt eller ikkje, seier Eivind.