Tidlegare vinnarar
2022: Brandy Melville
2021: Sophie Elise AS
2020: Blogg.no
2019: Victoria Secret
2018: Bik Bok
2017: Nettavisen
2016: Dagbladet
– Vi meiner Ex on the Beach Norge må ta eit større ansvar, gitt den enorme påverknadskrafta realityseriar har på barn og unge.
Det seier Isaac Elstad Røssnes, leiar i Press – Redd Barna Ungdom, i ei pressemelding.
Dei deler kvart år ut Gullbarbien til ein reklame- og medieaktør. Prisen går til dei som «er best på å få ungdom til å føle seg verst».
Vinnarane skal ha brukt einsidige skjønnheitsideal, utdaterte kjønnsroller og unødvendig seksualisering.
I år var det Prowhitening, Ex on the Beach Norge og Zara som var nominerte.
Det er fyrste gongen eit reality-program bli nominert og vinn.
Røssnes understrekar at dei to andre nominerte ikkje burde puste letta ut, berre fordi dei ikkje vann.
– I likskap med tidlegare år, er alle kandidatane verdige vinnarar. Gullbarbie sitt formål er primært sett å sette søkelys på korleis reklame- og mediebransjen driv kynisk og målretta marknadsføring mot barn og unge.
- Les om vinnaren i fjor:
Brandy Melville får verstingpris for å berre ha små storleikar