23 ting å gle seg til i 2023

Det nye året har mykje å by på av filmar, bøker og dataspel. Her er ei liste over noko av det du kan gle deg til i 2023.

Filmar:

KuToppen – På Sporet
3. mars
Ein ny, norsk animasjonsfilm om kua Klara og venene hennar.

Wonka
15. desember
Historia om Willy Wonka frå Roald Dahl sitt univers.

Timothée Chalamet speler Willy Wonka i den nye filmen frå Charlie og Sjokoladefabrikken-universet. Foto: Timothée Chalamet

Magiske Maurits og hans gløgge gnagere
17. februar
Ein film om den lure gatekatten Maurits.

Den Lille Havfruen
26. mai
Nyinnspeling av klassikaren.

Foto: Disney

Elemental
16. juni
Ein ny animasjonsfilm frå Disney.

Spøkelseshuset/The Haunted Mansion
August
Ein film basert på ein populær attraksjon i Disneyland.

Wish
November
Filmen handlar om sjølve ønskestjerna kjent frå Disney-melodien When You Wish Upon a Star.

Den første jula i Skomakergata
November
Ei ny historie frå gata i den tradisjonelle julekalenderen.

Henki Kolstad som skomakar Andersen i den originale tv-kalenderen. Foto: Åsmund Huser

Spel:

Minecraft Legends
I vår. Switch, PlayStation, Xbox, Windows.

Snusmumrikken: Melodien i Mummidalen
2023. PC og konsollar.
Eit norsk spel frå Mummi-universet.

Foto: Hyper Games

Pikmin 4
2023. Switch.

Legend of Zelda: Tears of the Kingdom
12. mai. Switch
Eit nytt eventyr i det ikoniske universet.

Foto: Nintendo

Vikings on Trampolines
2023. PC og konsollar.
Eit norsk spel med vikingar som hoppar på trampoline.

Hogwarts Legacy
10. februar. Windows, PlayStation, Xbox, Switch.
Mange er sinte på Harry Potter-skapar J. K. Rowling, fordi ho har sagt negative ting om transpersonar. Likevel er det nok mange som gler seg til dette spelet frå Harry Potter-universet.

Foto: Warner Bros.

Fire Emblem Engage
20. januar. Switch

Bøker:

Dronefangerne
av Øyvind Torseter
12. mai
Ny teikneseriebok frå ein prisløna illustratør.

Omslag: Cappelen Damm

Tarjei 13 år
av Anja Dahle Øverbye
1. mars
Ei bok om skilsmisse, pubertet og forelsking.

Badesommar
av Ruth Lillegraven
20. april
For dei som likar dikt om å vakse opp og om å bli gammal.

Omslag: Samlaget

Hex
av Sigbjørn Mostue
25. januar
Diana blir forvandla til ei stygg heks etter å ha blitt mishandla på ein fest. For dei over 12 år.

Omslag: Cappelen Damm

Stolt
av Benjamin Silseth og Kine Yvonne Kjær (illustratør)
10. mai
Ei bok om å vere skeiv i Noreg, både før og no.

VitenGALskap 2: Syke Sykdommer
av Alexander H. Sandtorv og Helena Lindholm (illustratør)
6. april
Vitskapsmannen er tilbake, denne gongen med ei bok om ekle og utrulege sjukdommar.

Omslag: Cappelen Damm

Den siste krigen (Overleve-serien)
av Tor Arve Røssland
28. februar
Den siste boka i spenningstrilogien.

Udyr
av Ingvild Bjerkeland
16. januar
Ei skummel og spennande bok for dei over 10.


BOKTIPS: Simon Cabot tipsar om fleire gode bokseriar. Foto: Malene Ruhs Langåker