Slutt for «Pokémon»-serien på TV

Etter 25 år er eventyret over for Ash Ketchum og Pikachu.

Den første episoden av den animerte Pokémon-serien vart sendt på tv i 1997. 1.200 episodar seinare er det slutt for Ash Ketchum og venene hans.

No er siste episode av serien sendt.

Pokémon byrja som videospel for konsollen Game Boy, og vart snart ein gigantisk suksess. Mange kjenner nok også til dei populære Pokémon-korta.

Etter at Ash Ketchum vart verdas beste pokémontrenar, legg han altså Pokéballane på hylla. Men samstundes startar eit nytt eventyr. I april startar nemleg ein ny Pokemon-serie med to nye hovudpersonar: Liko og Roy.


Les også: Politibetjentar fekk sparken – dei hadde spelt Pokémon Go på jobb

Gotta Catch ‘Em All: I dette biletet prøver ein Pokemon Go-spelar å fange ein Charmander-karakter i New Delhi, India. Foto: AP Photo/Thomas Cytrynowicz