Slik kan du hjelpa hunden din på nyttårsafta

Hundar som ikkje er vant til lyden av rakettar som smell kan bli kjemperedde av nyttårsrakettar.

Det er lurt å starta så tidlig som mogleg for å venna hunden til rakettar, sidan det kan ta litt tid. Då bør ein eksponera hunden for lydar frå fyrverkeri. Gå gradvis fram med å auke volum og lengde. Flytt lydkjelda rundt i ulike rom i bustaden, skriv NRK.

Dersom hunden er veldig redd kan roande middel vere eit alternativ. Det må ein dyrlege hjelpa med, og det er lurt å ta kontakt god tid i førevegen. Dei kan kartlegga om dyret ditt kan vera ein god kandidat for medisinering.

På sjølve kvelden er det lurt å slita ut hunden tidleg på dagen. Gå ein lang tur og hald hunden i aktivitet både før og under sjølve rakettoppskytinga.

Hundar kan bli veldig redde for rakettar. Foto: Marliese Streefland / Unsplash.com

Gi hunden eit godt måltid i førevegen slik at han er mett.

Når det smell som verst er det lurt å dempa inntrykka. Trekk for gardinene og set på tv-en eller anna bakgrunnsstøy.

Før blei ein råda om å ignorera dyra når dei var redde. Dette har ein gått vekk frå. Det er viktig å vera saman med hunden på nyttårsaftan, og ikkje la den vera aleine heime.