Julekalender -21.desember

I dag er det vintersolverv, den dagen med minst sollys og mest mørke.

Sola står lågast på himmelen 21. eller 22. desember på den nordlige delen av jordkloden. Dagen er óg kjent som solsnu, dagen då sola snur.

Har du kanskje merka at det har blitt mørkt tidleg i det siste? Fram til vintersolverv varer dagslyset per dag gradvis kortare, sidan det er mindre sol. Etter vintersolverv blir det meir dagslys for kvar dag som går.

Gjennom heile historia, i mange kulturar har denne dagen vore viktig for menneska. Folk har markert dagen på ulike måtar.

Newgrange er 5200 år gammal og ligg i County Meath i Irland. Bygningen står på UNESCO si verdsarvliste. Det svarte firkanta holet over menneska på bildet er der sollyset kjem inn til det inste rommet på Vintersolverv. Foto: Aitormmfoto

I Irland ligg monumentet Newgrange, bygd i neolittisk tid, i den yngre steinalderen. Det 5,200 år gamle byggverket er eldre enn Stonehenge og dei egyptiske pyramidane.

Newgrange er bygd av lokale steinar i ein nyreformasjon, og har ein lang smal gang som går inn mot eit rom i midten av byggverket. På vintersolverv, dagen då sola står lågast, rekk solstrålene akkurat inn i midten av monumentet.

Inngangen til Newgrange. Det firkanta holet over døra er der sola kjem inn på Vintersolverv. Utanfor inngangen ligg store kampesteinar med megalittisk kunst, laga i den yngre steinalderen. Foto: #222696