Julekalender -18. desember

Jul er ikkje ein del av den jødiske festkalenderen, men i dag startar den jødiske lysfesten Hanukka.

Kvart år er kvart år i åtte dagar i desember feirar jødane Hanukka. Under lysfesten tenner ein eitt lys kvar kveld i dei åtte dagane festen varer. Lysfesten blir feira for å minnast jødane sin siger over Hellenarane i ca. år 164 fvt.

I 2022 varer Hanukka frå søndag 18. desember til mandag 26. desember. Første kvelden tenner ein eit lys, andre kvelden to lys, inntil ein den åttande og siste kvelden tenner alle dei åtte lysa i den spesielle Hanukka-lysestaken Hanukkia.

Lysestaken Hanukkia er ein viktig del av lysfesten Hanukka. Foto: #246329/Colourbox

Jødiske nordmenn er generelt svært godt integrert i den norske kulturen og for mange er det naturleg å vera med på ulike aktivitetar i juletida.