Julekalender -14. desember

Har du lyst til å drikka ein god varm kopp med noko som smakar skikkelig jul? Her er ei oppskrift på julegløgg!

Gløgg er fint å drikka heime, på tur i skogen, eller rundt eit bål i kulden. Det varmar godt, og smakar jul, sidan den inneheld mange typiske julekrydder og smakar.

Gløgg. Foto: Grafvision
Oppskift til fire koppar

Ingrediensar:
– 1 dl solbærsaft
– 3-4 dl vatn
– 1 dl eplemost
– 1 bit heil kanelstang
– 6 heile nellik
– 4 heile kardemommefrø
– safta av ein halv sitron

Til servering:
– hakka mandlar
– rosiner

  1. Kok opp alt bortsett frå sitronsafta. La det stå og trekke i 30 minutt.
  2. Sil bort krydderet. Kok opp på nytt og tilsett sitronsafta.
  3. Server gløggen rykande varm. Hakka mandlar og rosiner kan du enten ha i gløggen, eller servera ved sida av. Appelsinskiver er òg fint å ha oppi gløggen, dersom du vil.

Kjelde: Kokeboka «Frå bollar til burritos».