Lucia var ei ung kvinne frå Italia som døydde som martyr 13. desember i år 303. Ho gav alle pengane sine til dei kristne som blei forfulgt av keisaren, og som levde i katakombene i Roma.
Lyskransen ho hadde på hovudet lagde ho for å ha armane fri nede i dei mørke gangane. Lucia er lyset sin helgen, og namnet tyder den lysande.

Lussekattar
På denne dagen er det tradisjon å baka lussekattar, boller med det gule krydderet safran. Safran er verdas dyraste krydder. Det går fint å baka lussekattar med gurkemeie, som og gir gul farge til bollene. Gulfargen symboliserer sola som kjem igjen etter mørketida. Sirkelformene i lussekattane symboliserer sola og liv, og har tradisjonar tilbake til bronsealderen.
