Santa Lucia – med lys i hår

13. desember er luciadagen. Lucia var ei italiensk, rik jente som blei verdskjent etter at ho blei martyr. Men kven var ho?

Forskjellen på katolikk og protestant

Protestantar

● Herren sin vilje står skrive i Bibelen.
● Berre tru kan frelse menneska si sjel.
● Kyrkja er jordisk og høyrer til under staten.

Katolikkar

● Kyrkja er Gud si stemme på jorda.
● Prestar kan tilgje syndige handlingar.
● Paven er Gud sin stedfortredar og dei kristne sin øvste leiar på jorda.

LES FAKTALUKK FAKTA

Luciafeiringa er ein tradisjon som eigentleg kjem frå Italia. I Italia er det mange katolikkar. Ein katolikk er ein kristen som har sitt sentrum i Vatikanstaten i Roma med paven som øvste leiar. I Noreg er det flest protestantar. (Les meir om forskjellane i faktaboksa.)

Katolikkar heidrar avdøde menneske som har hatt betydning for den kristne bodskapen, og difor blei Lucia ein viktig helgen. 13. desember er difor minnedagen for Sankta Lucia.

Kven var Lucia?

Lucia var ei jente som blei martyr. Ho kom frå øya Sicilia i Italia. Ein martyr er ein som blir drepen på grunn av trua si.

Det er mange forteljingar om denne unge jenta, men ein av dei er at ho brukte alle pengane etter mora sin død til å gi mat og gåver til fattige i byen. Dette likte ikkje mannen ho var forlova med. Han fortalde dei som styrte i byen at ho hjalp dei fattige i trua på Gud, og ho blei difor dømd og drepen. På den tida blei alle kristne forfulgt og drepne, for det var forbode å tru på Gud.

Lussekattar er eigentleg ein svensk tradisjon. Det er gjærbakst og har originalt safran i seg. Det gjer lussekattane ekstra gule. Safran er verdas mest kostbare krydder, og er ein del av ein spesiell safrankrokus. (foto: Wikipedia, Creative Commons 2.0)

Lucia blei verdskjent

Etter dette blei Lucia minna kvart år, den 13. desember. Skikken spreidde seg utanfor den katolske kyrkja, som her i Noreg.

Markeringa av Lucia slo tidleg gjennom i Sverige, og har seinare blitt ein tradisjon vi også har markert i Noreg.

På sjølve Luciadagen går mange barn i kvite kapper og syng luciasongen. Det er også vanleg å dele ut lussekattar.