Nordmenn søkte mest etter eit ordspel i 2022

Ordspelet Wordle toppar Google sin søkehistorikk for dette året i Norge.

Ettersom året 2022 snart er på hell, har søkemotoren Google laga oversikter over kva nordmenn har søkt mest etter det siste året.

Nordmenn har søkt mest etter «Wordle», som er eit svært populært nettlesarbasert engelskspråkleg ordspel som går ut på å finna ord.

Wordle er utvikla av tidlegare Rettit-IT-ingeniør Josh Wardle frå New York. Han laga det opprinneleg som gåve til kjærasten hans, som likar spel med ord.

Spelet blei lansert i oktober 2021, og i januar 2022 hadde det to og ein halv million brukarar, etter at Wardle endra det slik at ein kan dela resultata sine.

Populariteten tok av etter at fleire utviklarar og nettnerdar i New Zealand spelte det og delte resultata i sosiale medier. Etter det tok det av i Australia, så Storbritannia og Canada, skriv BuzzFeed.

Wardle har sagt at han ikkje vil tena pengar på spelet, at det skal vera gratis å spela og utan reklame. Det er ifølge NRK sannsynlegvis årsaka til at spelet toppar søkelista, fordi ein må søka etter spelet for å finna det. Spelet ligg hos New York Times.

Men ifølge tek.no fungerer det som web-applikasjon, noko som har ført til at spelet har blitt etterlikna av fleire, og mange har tatt betalt for kopiane.

Har du spelt Wordle?

Har du spelt Wordle?

Ja, klart eg har!48
Nei, har aldri høyrt om det. 21
Svar totalt: 69