Pokémon Scarlet og Violet

I dette nye Pokémon-spelet kan du utforske så mykje du berre vil! Pokémon Scarlet og Violet er det første pokémon-spelet der ein ikkje treng å følgje ei spesiell historie, og du kan gjere kva du vil. Og det beste er at det er mykje å gjere.
Pokémon Scarlet og Violet kjem ut 18. november 2022. Du kan berre spele det på Nintendo Switch.
Hogwarts Legacy

Har du nokon gong hatt lyst til å føle på korleis det er å vere ein trollmann? Vel, no kan du vere ein trollmann på Hogwarts (Galtvort) frå Harry Potter-universet.
Hogwarts Legacy kjem ut 10. februar 2023. Du kan spele Hogwarts Legacy på Playstation 4, Playstation 5, Xbox one, Xbox series X, Nintendo Switch og pc.