Protesterer mot fotball-VM

Fleire protesterer mot turneringa i Qatar.

I slutten av november går fotball-VM for herrar av stabelen i Qatar.

Mange protesterer og nektar å sjå turneringa, på grunn av at landet bryt menneskerettar, og mange slavar har døydd under bygginga av stadionet.

Til dømes har fleire fotballpubar sagt at dei ikkje vil vise kampar frå VM.

Noregs Fotballforbund har slutta seg til eit opprop som ber Fifa om å innføra fleire tiltak under turneringa.