Mathias (12) og Herman (12) seier ja til seinare skulestart 

Gutane frå Mathopen i Bergen har starta på første året på ungdomsskulen. Dei ser klart flest fordelar med ein rolegare morgon.

– Eg tippar at i første time ser ungane ein god del trøyttare ut på Vestlandet enn på Austlandet. Det er jo urettferdig, sa Tone Elise Gjøtterud Henriksen til NRK førre veke. Ho er spesialist i psykiatri og overlege ved Valen sjukehus i Kvinnherad.

Ho meiner barn på Vestlandet bør starta skuledagen seinare, ifølgje avisa Grenda som fyrst omtala saka.

LES MEIR: Overlege: – Barn på Vestlandet bør starta skuledagen seinare

Me i Framtida Junior har snakka med Mathias og Herman om kva dei synest om forslaget til overlegen.

PÅ UNGDOMSSKULEN: Mathias (venstre) kunne gjerne starta litt seinare på skulen. Herman har det greitt slik det er i dag. Foto: Privat

Mathias Hanssen Nedrevåg:

Korleis er din morgon- og kveldsrutine?

– I kvardagen prøver eg å stå opp klokka 6, men eg klarer ikkje det. Eg slumrar oftast fram til klokka 7. Eg sovnar igjen, og så kjem pappa og vekker meg. Då føler eg eg har dårleg tid, så då må eg berre få på meg kleda, ete frukost, pakke skuletinga og så komme meg ut døra før klokka 7.48. Bussen går klokka 7.52. Om kvelden legg eg meg klokka 22. Eg får ikkje lov til å ha telefon i senga, så då sovnar eg stort sett ganske raskt.

Er du trøytt? 

– Ja. Eg kjem inn i det på veg til skulen, men eg føler meg ikkje heilt vaken.

Korleis er den første timen på skulen?

– Den er alltid slitsam. Eg er veldig trøytt og sliten i hovudet. Det er ofte vanskeleg å få med meg kva læraren seier.

Kunne du tenkt deg å starta på skulen ein halvtime seinare?

– Ja! Det hadde vore fint. Ein dag i veka startar eg klokka 9.30, så då får eg sova litt lenger. Då går det heilt fint. Viss det hadde vore slik kvar dag, hadde jo skuleslutt blitt litt seinare – men det synest eg hadde vore heilt greitt.

 

Herman Tveita Trengereid:

Korleis er din morgon- og kveldsrutine?

– Den er ganske grei. Eg står opp 7 eller 7.15, og så kler eg meg og brukar cirka ti minutt på å ete frukost. Så spring eg til bussen som går klokka 7.45. Eg legg meg klokka 22 i vekedagane, og ligg og ser på mobilen i cirka 20 minutt før eg legg meg til å sove.

Er du trøytt?

– Eg er trøytt, men vaknar kjapt.

Korleis er den første timen på skulen?

– Den går ganske greitt for min del, men eg ser at det er enkelte i klassen som er veldig trøytte.

Kunne du tenkt deg å starta på skulen ein halvtime seinare?

– Det hadde vore greitt, men eg føler ikkje eg treng det. Det hadde vore fint med betre tid om morgonen, men minuset er at eg måtte funne ein ny morgonrutine.

Lærar: –  Eg ser mange trøytte elevar om morgonen

Ingvild Tveita Hanssen er Herman si mor, men også lærar ved mellomtrinnet på Mathopen skule i Bergen. Ho trur litt ekstra tid kvar morgon kunne hjelpt mange elevar. På Mathopen skule startar undervisninga klokka 8.15.

LÆRAR: Ingvild Tveita Hanssen er lærar ved Mathopen skule i Bergen. Foto: Privat

– Eg ser at det er tidleg for mange. Berre 15 minutt hadde hjelpt. Eg trur det hadde gitt mange familiar ein rolegare, mindre stressande start på dagen.

Når Ingvild ser utover klasserommet om morgonen, ser ho mange trøytte auge.

– Før helga snakka me litt om dette med litt seinare start, og det var mange som blei veldig engasjerte då. Dei aller fleste kunne tenka seg det, fortel ho.

Ingvild opplever at mange seier dei nett har stått opp like før skuleklokka ringer, og det er mange magar som rumlar fordi dei ikkje har hatt tid til frukost.

Fysisk aktivitet

– Kanskje det kunne vore ein ide å starta med frileik i første time, viss me skal halda fram med tidleg start. Ein gong i veka har me leik i første time her hos. Det ser eg at gir mange ein meir vaken start på dagen. Det er motiverande å starta med noko fysisk. Elles har me også eit anna fint initiativ på Mathopen. Me startar med 15 minutt lesing til litt roleg musikk i bakgrunnen. Det synest eg også fungerer bra, men det er ikkje alle som er vakne nok til å lesa den stunda, fortel ho.

 
Kva meiner du? Stem under!

Bør elevar på Vestlandet få starta skuledagen seinare?

Bør elevar på Vestlandet få starta skuledagen seinare?

Ja, ein halvtime45
Ja, ein time118
Nei38
Veit ikkje13
Svar totalt: 214