Overlege: – Barn på Vestlandet bør starta skuledagen seinare

Barn og unge på Vestlandet ville fått dagslys dryge 20 minutt tidlegare viss dei hadde budd på Austlandet. Noreg har nemleg éi tidssone, men sola står opp seinare i vest. 

Soloppgangen påverkar kva tid det er naturleg for oss å stå opp.

– Eg tippar at i første time ser ungane ein god del trøyttare ut på Vestlandet enn på Austlandet. Det er jo urettferdig, seier Tone Elise Gjøtterud Henriksen til NRK. Ho er spesialist i psykiatri og overlege ved Valen sjukehus i Kvinnherad.

Ho meiner barn på Vestlandet bør starta skuledagen seinare, ifølgje avisa Grenda som fyrst omtala saka.

– Det ville ført til at fleire kom seg på skulen. Fleire ville fått det betre og gjort det betre på skulen, mest sannsynleg.

Interessant tanke

Søvnekspert og professor ved Universitetet i Bergen, Ståle Pallesen, synest tanken om seinare skulestart på Vestlandet er interessant. Studium i Tyskland viser at det er fleire B-menneske i vest enn aust, og forskarane trur det har med sola å gjera, ifølgje Pallesen.

– Det trengst meir forsking på det. Me må finna ut kor stor skilnad det er i døgnrytmen til folk på Vestlandet og Austlandet, og kva det i praksis betyr. Så må ein eventuelt testa ut seinare skulestart.

Kva meiner du? Stem under!

Bør elevar på Vestlandet få starta skuledagen seinare?

Bør elevar på Vestlandet få starta skuledagen seinare?

Ja, ein halvtime45
Ja, ein time118
Nei38
Veit ikkje13
Svar totalt: 214