– Me et gjerne brenneslesuppe og flatbrød. Eller nøtter, fortel Brynhild.
– Eg likar å laga eple med honning og bacon. Det er så godt!, fortel mamma Marie.

Noko familien gjer ofte, er å laga vikingbrød. Her er deira oppskrift:
Du treng:
1 kilo mjølblanding. Du kan blanda både bygg, rug, kveite og spelt
½ liter kulturmjølk
Slik gjer du:
- Bland saman mjøl og kulturmjølk og la det stå i nokre timar. Gjerne 4–5 timar eller over natta.
- Deretter lagar du små, runde og flate brød.
- Steik dei på grillen eller over bålet på begge sider til brødet er gjennomsteikt.
- Kos deg! Brødet smakar ekstra godt med smør eller honning på!