Andrea Toreti, som er sjefsforskar ved Det europeiske tørkeobservatoriet, åtvarar om at tørken i Europa kan bli verre enn 2018. Då var tørken så ekstrem at det var det tørraste året i Europa på 500 år.
Ifølgje Euronews har Frankrike hatt fire hetebølgjer så langt i år, og sommaren har vore den tørraste nokon gong. Forskingssenteret til EU, åtvara denne veka om at tørken ser ut til å bli verre og kan etter kvart omfamna nesten halvparten av Europa.
På satellittbildet under kan du sjå korleis den vanlegvis grøne øya Storbritannia har blitt meir gulbrun av tørken. Fleire kilometer av den største elva i landet, Themsen, er tørka ut.
Alert conditions over large areas in the UK estimated by the @CopernicusEMS #European #Drought Observatory https://t.co/jLDWwFrt3G
— andrea toreti (@AndreaToreti) August 11, 2022