Fryktar krig i Taiwan

No har konflikten spissa seg, etter at Nancy Pelosi, ein amerikansk toppolitikar, har besøkt Taiwan.

Øya Taiwan har tidlegare vore ein del av Kina, men har si eiga grunnlov og eit eige demokrati. Kina meiner at Taiwan er ein utbrytarstat, og vil ha kontroll over øya, mens Taiwan ønsker fullt sjølvstende. Likevel er det berre 13 land i verda som reknar Taiwan som ein sjølvstendig stat.

No har konflikten blitt verre, etter at Nancy Pelosi, leiaren for Representanthuset i USA, har besøkt Taiwan.

Kina ser på det som ein provokasjon, og har byrja med store militærøvingar rundt øya. Utanriksministeren i Taiwan, Joseph Wu, hevdar at Kina førebur ein invasjon, skriv NTB.