Selma er årets BlimE-artist

Vennskap er temaet i årets BlimE-låt. Selma Ibrahim syng om eigne opplevingar i «Den ene».

FAKTA:
  • BlimE er NRK Supers vennskapskampanje med målsetning om å fremma vennskap og samhald på barneskoler i heile landet.
LES FAKTALUKK FAKTA

– «Den ene» handlar om at du kan vera den eine i nokon andre sitt liv. Du kan vera den personen som seier frå, støttar opp, og gjer ein forskjell. Låten betyr veldig mykje for meg, for eg veit kor viktig det er å ha nokon som stiller opp for deg når du treng det, seier årets artist i ei pressemelding frå NRK.

Låten er inspirert av hendingar frå Selma sitt liv. Ho opplevde mobbing då ho gjekk på ungdomsskulen, etter å ha flytta til ein ny stad. Men heldigvis hadde Selma ein heilt spesiell ven – ein ven som kvar helg reiste fleire timar for å besøka ho.

Skal opptre på Rådhusplassen

Denne vennen var «Den eine» for Selma.

Låten kan også vera inspirerande for dei som torer å stå opp mot mobbing, eller torer å vera annleis.

Selma er blant artistane som skal opptre på VG-lista-showet direkte på Rådhusplassen i Oslo fredag 17. juni. Der skal ho framføra «Den eine» for første gong. Då blir òg musikkvideoen sleppt.

Sjå ein sniktitt på årets låt her: