Sommar i sør-Noreg på 17. mai

Det kan verte godt over 20 varmegrader fleire stader i Sør-Noreg. – Det blir nok meir is- og brusvêr enn bunadsvêr på 17. mai, slik det ser ut no, seier Eli Kari Gjengedal i Storm.no tiL NRK.

Fram mot nasjonaldagen, melder Storm.no om sol og 20 grader fleire stader i Sør-Noreg. Det kan bli unormalt høge temperaturar for årstida, skriv NRK.

Også Meteorologisk institutt har gode meldingar for den sørlege delen av landet.

– I Sør-Noreg ligg det an til temperaturar kring 20 grader, kanskje endå høgare. Det store spørsmålet er om sola gløttar gjennom eller ikkje, seier statsmeteorolog Geir Ottar Fagerli til NRK.

GIF: Giphy.com