Koronaviruset i Kina

Viruset vart oppdaga i byen Wuhan i Kina. No er gatene som til vanleg er folkerike nesten heilt tomme.

Dei som bestemmer i Kina har bede folk i byen Wuhan om å ikkje gå ut, for å hindre at viruset spreier seg endå meir.

På berre ti dagar har byen bygd eit gigantisk sjukehus som kan ta imot sjuke pasientar slik at dei får hjelp.

20 personar er smitta i Europa

Det er ikkje mange av dei smitta som har mista livet. Dei fleste som har dødd har enten vore sjuke frå før eller vore gamle og hatt dårleg helse.

Viruset har kome seg ut av Kina. men i Europa er det berre 20 personar i Europa som har vorte smitta.

Dei fleste blir heilt friske etter å ha fått hjelp.

Her i Noreg er det ingen tilfeller av smitte. Men helsearbeidarar jobbar med å ta godt vare på eventuelt smitta og sjuke personar dersom det skulle skje.